Sal/promotering

Illustrasjonsbilde

Førde Skyttarstadion  gjev gode mogelegheiter for sal og promotering  av verksemder og produkt under Landsskyttarstemnet  27. juli – 4. august 2017.

SALSOMRÅDE FOR SKYTTERFIRMA UNDER LANDSSKYTTARSTEMNET

Det kjem fleire tusen menneske innom skyttarstadion kvar dag, og i tillegg til å følgje med på skytinga er dette ein yrande marknadsplass.

Vi har lagt opp til eit stort telt på 15 x 60 m der vi tek sikte på å plassere dei fleste firma som sel utstyr til skyttarane.

I same området plasserer vi eit frittståande telt på ca 100 m2 som vi også reserverer for skyttersport-firma.

Sjå område 10 og 12 på kartet (PDF).

Så veit vi frå tidlegare arrangement at enkelte firma med skytterutstyr har eigne telt/vogner som gjer at dei må plasserast saman med firma som sel mange andre varer. Her er alt frå spekemat til pynteting og friluftsklær.
Alle desse vert plassert i område 8 og 9 på kartet.

Utleigeprisar
Salstelt på asfaltert grunn, mellom skyttarhuset og matteltet:

  • 610 kr/m2 for areal med ferdig oppsett telt

Salsområde på gruslagt grunn, sjå område 8 og 9 (PDF):

  • 350 kr/m2 for areal utan telt
  • 500 kr/m2 med ferdig oppsett telt

MVA kjem i tillegg.

Kr. 2000 per straumuttak på 16 A.

Vår kontaktperson er på utleige salsområde:
Christian Rekkedal, tlf. 99 69 23 02, e-post: christian.rekkedal@enivest.net

PROMOTERING, REKLAME OG SPONSORAVTALAR
Vi kan i tillegg tilby reklameplass på stadion, på bakvegg på standplassane, på storskjermen, i LS-avisa, og eventuelt direkte utlevert til alle skyttarar ved henting av skytebok/deltakarbevis.

Vår kontaktperson på reklame og sponsor:
Stian Grimseth, tlf. 91 36 05 31, e-post: sg@bthus.no

Ser deg i Førde!