Presse

Pressetenesta under LS 2017 vil bli lagt opp etter same opplegg som under tidlegare stemne. Som arrangør legg vi opp til at tilreisande journalistar, fotografar og andre mediefolk skal få gode arbeidstilhøve under heile stemnet.
Pressesenter

Det blir etablert eit eige pressesenter i Skyttartunet i Kråkenesmarka skyttarstadion – same stad som under arrangementet i 2008. Rommet blir utstyrt med arbeidsbord, kabel og trådlaust breiband, uttak for straum og spegling av storskjerm frå Arenaproduksjon med resultat frå konkurransane. Det vert tilgang til drikke og mat frå kafeen i same bygget. Rommet vil vere betjent og ope frå morgon til kveld kvar dag under heile stemnet.

Akkreditering, lenke til digitalt skjema.

Internett på skyttarstadion
Arrangøren etablerer eigen tilgang til internett via WIFI på arenaområdet. I tillegg vert området dekka av 4G frå ekstern leverandør.

Pressetreff

Måndag den 31. juli inviterer vi til pressetreff for dei som ønsker å delta. Påmelding og meir informasjon om staden kjem seinare. Vertskap for pressetreffet er LS 2017 i samarbeid med DFS.

Overnatting

Oversikt over offentleg overnattingskapasitet (hotell m.m.) i Førde og i regionen finn du på denne nettsida. SkytterCamp er lagt til Førde sentrum, sjå oversiktskart i PDF.

Parkering

LS 2017 legg til rette for parkeringsplassar for presse like ved skyttarstadion. Eigne parkeringsbevis gjev tilgang til desse plassane, og tildeling av parkeringsbevis blir vurdert i høve til grad av tilknyting til medieverksemd.

Akkreditering

Akkreditering for pressa skjer via digitalt påmeldingsskjema. Nærare informasjon om dette kjem seinare. Alle akkrediterte pressemedarbeidarar får utdelt eige akkrediteringskort merka «Presse» ved ankomst.

Ansvarleg for pressetenesta under LS 2017 er Margunn Masdal Mob 969 10 324

E-post: masdal-m@online.no