Kategoriarkiv: Om Ls 2017

Turar

Gaularfjellet og Utsikten – ei eventyrleg reise gjennom Fosseheimen.

20160623_Bedriftsnettverket_0087 copy David Zadig_webKom tettare på urørd natur – ei reise i eit autentisk miljø med kultur, mattradisjonar og opplevingar i levande bygder. Vandring og padling i brusande natur omkransa av fjell, elvar og fossar.
Info og bestilling www.gokajakk.no

Loen Skylift – 1000 meter på 5 minutt

Loen skyliftNoregs lettaste topptur. Vestlandet sin nye storattraksjon. 1,5 time frå Førde mot Stryn. Med panoramautsikt heilt på kanten av stupet finn du Hoven Restaurant. Her får du servert mat med lokale råvarer i ein rikhaldig À la carte meny.

Ope: 9.00 – 23.00.

 Norsk Bremuseum –  bre og klima, kunnskap til ettertanke 

Norsk bremuseumNorsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland, er eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte.

Ope juni – august:  kl. 09.00 – 19.00.

Gåvepremiar

2017_Helle - 3 knivar med LS-logo
På landsskyttarstemna er det som kjent skikk og bruk å dele ut gåvepremiar til skyttarar i ulike klasser og aldrar. Vi ber derfor om hjelp til å fylle opp gåvekassa.

Vi har hovudsakleg tenkt å bruke knivar frå Helle som eit unikt lokalt produkt, med gravering av LS-årstal og LS-logo, og dele 450 slike knivar.

Vi har med oss gode lokale støttespelarar og sponsorar, men vi håper at også skyttarlag og skyttarsamlag vil følgje opp tidlegare tradisjon om å bidra med gåvepremiar til deltakarane.

De bestemmer sjølve kva sum lag eller samlag vil bidra med, men ut frå tidlegare praksis så varierer gåvepremiane frå 300 – 5000 kroner alt etter kven som står bak.

Vi ber om innbetaling av gåvepremiar til Landsskyttarstemnet 2017 sin konto 3705.28.09372 og merk innbetalinga med ”gåvepremie” og lagsnamn.

Her er liste over registrerte gåvepremiar per i 21. juli.

Vi takkar hjarteleg for desse gåvene og utfordrar dei som enno ikkje har bidrege til å betale inn til gåvekassa.

På førehand takk for bidraget.

 

Kontakt:
Christian Rekkedal                                                                 Wilhelm Sandal
leiar hovudstyret                                                                     leiar adm.komiteen
Tlf. 99 69 23 02
styreleiar@ls2017.no

 

Felt MIL. NM

Felt militært NM på Landsskyttarstemnet i Førde 

Felt MIL NM-2017

Kart militært NM skyteområde
Interaktivt oversiktskart
Opprop Felt MIL NM

NB. Opprop Felt MIL NM er 1 time før skytetid

Opprop felt mil NM skjer ved Biltema/Plantasjen som ligger i gåavstand frå begge skyttarcampingane.   Etter opprop blir skyttarane køyrt med buss til Vasslia der feltskytinga og Stang /Felthurtig ligg.
Bussturen tek ca 20 minutt

Etter avstigning av bussen blir det 850 m å gå til første skyteområdet som ligger på toppen av feltløypa. Det er berekna 30 minutt frå avstigning buss til start skyting, første skyteområde. Normal gangtid er ca. 15 minutt.  Deretter følger ein samme vei tilbake.

Viktig informasjon til skyttarane om gjennomføring av Militært NM

Skyttarane er sjølv ansvarlege for å gjere seg kjent med denne informasjonen på førehand. Informasjonen blir ikkje blir lest opp eller gjennomgått før eller undervegs i feltløypa.

Opprop grovfelt skjer i Førde sentrum ved parkeringsplass mellom Biltema og Sparkjøp/Plantasjen. Gangavstand frå begge skyttarcampingene.

Det vert gjennomført våpen- og utstyrskontroll i tilknyting til opprop

Frå opprop til feltområdet vert skyttarane transportert med buss.

Etter avstigning av bussen blir det 850 m å gå til første skyteområde som ligg på toppen av feltløypa. Det er rekna 30 minutt frå avstigning buss til første skyteområde. Deretter følgjer ein same veg tilbake.

Total lengde på feltløypa er ca. 2 km (sjå kart). Følg merka veg. Det er ingen lagfører som følgjer laget rundt. Skyttarar er difor ansvarleg for å gå samla mellom skyteområda på eiga hand uten bruk av for mykje tid.

Det er kiosk ved skyteområde Stang.

Det er toalett mellom standplass 1 og 2, og mellom 3. standplass og Stang

Følgjande rutinar gjeld ved kvart skyteområde:
  1. Registrering ved hvert skyteområde foregår ved bruk av Skytter-ID kort. Skjermen på oppropsboden viser lagsnummer og oppropstid. Møt umiddelbart til registrering når ditt lag skal inn. Det er totalt 5 skyteområder i grovfelt, inkl. Stangskyting og felthurtig.
  2. Etter registrering skal skytterne sitte på nummerert ventebenk iht. skivefordeling. Foran skytterne er det et oppslag som beskriver, figurtype, skytestilling og skytetid. Denne informasjon blir ikke gjentatt på standplass.
  3. På kommando kalles skytterne fram på standplass. Når alle er på plass gis 2 minutter til klargjøring og lading. Det er to hold på hvert skyteområde, og det skal alltid skyte mot den høyre målgruppen først.
  4. Utgangsstillingen for alle skytinger er ferdigstilling, våpenet ladet og sikret. På kommando ILD kan sikring oppheves og våpenet tas opp i anleggsstilling. Dette gjelder også for minneskytingen.
  5. Det blir benyttet vanlig ILD – kommando.
  6. Anvisning foregår på skjerm i container. Ingen trekker over til anviserplass før på klarsignal fra standplassleder.
  7. Etter anvisning trekker skytterne over på andre siden av container, der de samme rutiner gjelder for gjennomføring av skytingen.
  8. Ettersom det er live-visning er det ikke tillatt med noen form for kommunikasjon mellom skyttere på standplass og publikum/skytterkolleger.
  9. Skudd det er feil med kan erstattes innenfor skytetiden. Dette må forevises standplasskontrollør etter at serien er skutt.
  10. Våpenet skal under forflytting bæres med munningen opp. Sluttstykket skal være i bakre posisjon eller tatt ut. Vær særlig påpasselig med våpenhåndteringen ved anviserplasser, da det her er relativt trangt.
  11. Det er ingen muntlig orientering når dere kommer til skyteområdene, kun oppslag. Les programmet grundig på forhånd. Rutinene på Stangskytingen følger det samme mønster som i grovfelt, mens det i felthurtig er to og to skyttere som skyter samtidig.
  12. Grafiske skytekort finner du på 2017.landsskytterstevnet.no eller du kan finne det igjen i DFS appen.

Kultur

Ordførarduellen – ei uhøgtidleg tevling 
28. juli kl. 13.30, skyttarstadion i Kråkenesmarka

KråkeneDet frivillige skyttarvesen (DFS) og LS 2017 har invitert ordførarar og fylkesordførar i Sogn og Fjordane til å delta i ei uhøgtidleg tevling. Deltakarane skal skyte 25 skot med kaliber 22 på 100 m. I denne tevlinga er ikkje vinnar og tapar viktig, men «Duellen» premiar blir delt ut på opningsseremonien ved Førde rådhus kl. 20.00. Fri entré.

Konsert med Sjøforsvarets musikkorps
28. juli kl. 19.00, ved Førde Rådhus

ATLE2017Med seg har ensemblet solist, Atle Pettersen. Alte har dei seinare åra etablert seg som ein av Noregs største og mest allsidige entertainerar. Han har brei sceneerfaring frå pop, rock, dans og ei rekke TV-program, noko som har gitt han ein ballast få andre entertainerar kan skilte med. Denne sommaren er han m.a. aktuell med singelen «Number One», ein duett med den svenske popstjerna Lisa Ajax.

 Sommarfest med Kurt Nilsen
29. juli kl. 21.00, sentrum sør

Kurt2017Sommarfest med Kurt Nilsen går av stabelen i sentrum sør, Førde. Konserten og folkefesten skjer samtidig som Landskyttarstemnet 2017. Vi gler oss til folkefest i gata utanfor Spenst Førde. Før og etter konserten med Kurt vert det band eller trubadur meir info om dette kjem. Aldersgrense 18 år.

Sogn og Fjordane kunstmuseum

SFKMuseumKUNSTMUSEET, Storehagen Førde
Høgsalen: Det vi har i lag, Maia Birkeland. Samlingsutstillingane: Kropp og sjel. Krig og fred og religion og politikk og sånn…
Ope: tysdag-søndag kl. 11-16, måndag stengt.

 

ASTRUPTUNET, Sandalen i Jølster
TEKSTILTRYKK OG TRESNITT- ENGEL OG NIKOLAI ASTRUP
16.06-15.08: Alle d. 10-17 16.08-17.09: Laur, søn kl. 11-16, onsd. 17-20.

EIKAASGALLERIET, Ålhus i Jølster
TRE SUNNFJORDINGAR, med skjemt og alvor. Ludvig Eikaas, Kjartan Slettemark og Oddvar Torsheim. 03.06 – 15.08: Alle dagar 11-17   16.08 – 15.10: Ons, laur, søn: 11-16

Musea i Sogn og Fjordane

 Sunnfjord Museum

Sunnfjord MuseumGuida turar i frilufts-museum – Utstillinga «Kvardagsfolk» Museet har kiosk og museums-butikk. Du finn museet 9 km frå Førde mot Jølster (E39)

Ope: Måndag – fredag 10.00 – 18.00 Laurdag – søndag 12.00 – 17.00.