Kategoriarkiv: Om Ls 2017

Informasjon

Ser deg i Førde under LS.
  1. Skyttarcamp

Det blir etablert to skyttarcampar like aust for Førde sentrum, i gangavstand frå opprop til grovfelt, publikumsbussane og til Coop Extra. Sjå kart på nettsida LS2017.

Toalett med vask vert plassert i campingområde. Det blir enkle dusjbrakker på campingen, men aller best i garderobeanlegget i idretts- og kulturbygget Førdehuset der det også er symjebasseng.

Straum er inkludert i prisen til alle campingvognene og bubilane, dimensjonert med maks 1kW per vogn.

Frist for påmelding til skyttarcampane er 20. mai.

Straum er inkludert i prisen til alle campingvognene, bubilane og telt, dimensjonert med maks 1kW per vogn.

Påmelding til skyttarcampane skal skje lagvis og via påmeldingsskjema som skal sendast per e-post til innkvartering@ls2017.no.

Pris for campingvogn, bubil og store telt som tek tilsvarande plass, er kr 2420,-
Pris for vanleg telt i campingområdet med straum, kr 1800,-
Vi har også teltplassar plassert i område utan straum, pris for vanleg telt kr 850,-

Vi ber om informasjon om eventuelle veldig store og tunge bubilar som ikkje kan stå på vanleg grasmark. Vi skal prøve å plassere desse på eit eige område nærmare sentrum.

Samla betaling per skyttarlag må betalast innan påmeldingsfristen 20. mai,
sjå påmeldingsskjema.

Plasstildeling per skyttarlag vil bli lagt ut på vår nettside etter i første halvdel av juni.

Ved avbestilling etter 1. juli vert ikkje innbetalt beløp refundert.
  1. Privat innkvartering

    Vi har lagt opp til annonsering av privat innkvartering i hus, hytter og campingvogner på vår heimeside ls2017.no/innkvartering . Her kan både dei som vil leige ut og dei som vil leige privat innkvartering, legge ut informasjon i ein tabell. Ta direkte kontakt med dei som annonserer og prisar og leigeperiode avtalast mellom utleigar og leigetakar.

 

  1. Kontaktopplysningar

    Vi legg ut all informasjon om innkvartering på vår nettside: www.ls2017.no

E-postadresse: innkvartering@ls2017.no

Telefon: 479 79 059 (mellom kl. 9.00 – 15.00)

Invitasjon til Landsskyttarstemnet

Førde sett frå Viefjell, Foto: Torun Lucassen
Førde sett frå Viefjell, Foto: Torun Lucassen
Det er med stor glede vi inviterer skyttarar og skyttarfamiliar
til Landsskyttarstemnet i Førde i tidsrommet 27. juli til 4. august 2017.

Militært NM er ein del av Landsskyttarstemnet. Klassane AG3 og HK416 gjennomfører skytingane torsdag 27. juli og fredag 28. juli. Eigen invitasjon med detaljert informasjon vert sendt til Forsvaret sine avdelingar seinare. DFS-skyttarane startar med innleiande skyting fredag 28. juli. Opningsseremonien blir i Førde sentrum fredag 28. juli kl. 20.00.

Førde skyttarlag arrangerer Landsskyttarstemnet for fjerde gong. Det starta i 1988, vidare i 1997 og i 2008. Baneskytinga, finfelten og alle finalane går som tidlegare på Kråkenesmarka skyttarstadion, ca. 8 km frå sentrum. Det er godt med parkeringsplassar nær stadion. Mattelt, kiosk og messeområde er på stadion. Innleiande grovfelt med Stang- og felthurtigskyting gjennomførast i Vasslia, ca. 1,6 km frå skyttarstadion. Opprop til grovfelten blir i sentrum, med busstransport direkte til feltløypa.

Påmelding til Landsskyttarstemnet

Invitasjon er sendt til alle lag. All påmelding til Landsskyttarstemnet gjer ein på mitt DFS. Påmeldingsperioden er 27. april  – 15. juni, med frist for etterpåmelding 1. juli. Skyttarkontoret sender ut nærare informasjon om påmelding i løpet av april.

Innkvartering og transport

Det blir skyttarcamp nær Førde sentrum, med gratis publikumsbussar til stadion frå og med laurdag 29. juli. Skyttarcampen opnar tysdag 25. juli. Det er også mogeleg å leige hus og hytter, og på nettsida har vi liste over kva tilbod som finst.

Vi har ein eigen plass utanfor sjølve skyttarcampen til store og tunge bubilar som må stå på fast underlag. Dette må eventuelt kommenterast i påmeldingsskjemaet.

Påmelding til skyttarcampen skjer på eige skjema, sjå vedlegg og på vår nettside. Påmeldingsfrist er før 20. mai.
Har du spørsmål om innkvartering så sjå på vår nettside finn eller kontakt oss på innkvartering@ls2017.no

Gåvepremiar

Vi ber om at skyttarlag og skyttarsamlag bidreg med ein pengesum til gåvepremiar. Gåvepremiane er hovudsakeleg flotte knivar frå Helle, prega med logo frå LS-2017 som eit unikt minne. Vi ønskjer derfor pengar som kan innbetalast til konto 3705.28.09372, merka med «gåvepremie». Alle vinnarar av gåvepremiane må hente desse under stemnet.

Utforsk Førde og Sunnfjordregionen under stemnet

Typisk for Sunnfjord er fjell, fjord, kraftfulle vassdrag og fossar, ein natur som set preg på kulturlandskap og busetting. Nyt variasjonane frå organiserte aktivitetar i urørd natur til nasjonale kunstskattar hos Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Avstandane er korte mellom opplevingane, og regionen eignar seg godt for dagsturar frå breen i aust, til fjorden og øyane i vest.

Skyttarlaga Førde, Holsen, Jølster, Florø og Hyen ønskjer alle velkomne til Landsskyttarstemnet 2017!

Med Nammo på laget

Nammo - kvinneleg skytter

Eit sponsorsamarbeid med Nammo AS speglar landsskyttarstemnet som det store nasjonale og årlege arrangementet det er. For LS2017 er det ei viktig stadfesting at nasjonale aktørar ser verdien av å samarbeide med oss som lokal arrangør.  

Nammo AS er eit internasjonalt konsern innan forsvarsindustrien med hovudkontor i Noreg. Nammo si kjerneverksemd er produksjon av ammunisjon, rakettmotorar, romfartsprodukt og leveranse av tenester på demilitarisering. Nammo er no den einaste ammunisjonsprodusenten i Noreg. Nammo si portefølje innanfor finkaliber består av presisjonsammunisjon til både militær og sivil bruk.

 – Som arrangør av LS-2017 i Førde er vi svært glade for at Nammo blir med på laget som generalsponsor. Nammo er eit stort selskap med lange tradisjonar for samarbeid med Det Frivillige Skyttervesen og dei årlege landsskyttarstemna. Vi tek dette òg som ein honnør til oss som lokal arrangør. LS er som eit OL for oss her i Førde, og denne avtalen bidreg til at arrangementet skal bli vellukka, seier  leiar av hovudstyret for LS2017 Christian Rekkedal.

Naturleg for Nammo å vere synlege på LS

– Forløparen til Nammo, Raufoss Ammunisjonsfabrikker, produserte 6,5 mm allereie frå etableringa i 1896, og har sidan den gong vore leverandør til skyttarar i Det Frivillige Skyttervesen. Sambandet mellom Nammo, DFS og Forsvaret er svært viktig for oss, seier kommunikasjonsdirektør i Nammo Endre Lunde.

Nammo_logo_2955_BLUE

Sunnfjord Energi-samarbeid

Tv. Pål Sandal, konst. marknadssjef i Sunnfjord Energi AS og Christian Rekkedal, leiar av hovudstyret for LS2017.
Tv. Olav Osvoll, produksjonssjef i Sunnfjord Energi AS og Christian Rekkedal, leiar av hovudstyret for LS2017.
Det gir god energi til LS2017 å signert endå ein sponsoravtale med lokalt næringsliv. Det lokale kraftselskapet Sunnfjord Energi AS blir ein av generalsponsorane.

Sunnfjord Energi AS er eit kraftselskap med kraftproduksjon, drift og bygging av nett, og sal av kraft til bedrifter og hushald. Konsernet driv innan produksjon og omsetnad av fornybar energi, utbygging og drift av om lag 2.600 km linjenett småkraftverk, breiband og fiber, varmepumpe og entreprenørverksemd. Selskapet er organisert i fire avdelingar: stasjon, nett, marknad og administrasjon, og har omlag 110 årsverk.

– Vi vil at Landsskyttarstemnet skal verte eit flott lokalt og nasjonalt arrangement som også kan profilere Sunnfjord og resten av fylket. Då er det svært kjekt at vi har fått med oss eit slikt sterkt lokalt selskap som Sunnfjord Energi som generalsponsor, seier Christian Rekkedal leiar for LS i Førde. LS-2017 er eit stort og krevjande arrangement, og i tillegg til økonomisk støtte dei kan òg hjelpe oss med praktiske utfordringar slik at dette vert vellukka.

Vil vere drivkraft og partnar

– Landsskyttarstemnet og skytesporten engasjerer mange både lokalt og nasjonalt, seier Pål Sandal, konstituert marknadssjef i Sunnfjord Energi AS. LS er eit omfattande arrangement som set Sunnfjord på kartet, og som dei lokale skyttarlaga no skal vere vertskap for. Vi er glade for å kunne vere med som ei drivkraft og partnar for å få dette til. Ønsker hovudstyret og alle involverte lukke til med det vidare arbeidet og gjennomføring av eit av Norges største idrettsarrangement!

 

Logo Sunnfjord Energi