Alle innlegg av lsadmin

Butikken med omtanke for dyra i havet

Tilsette ved Coop Ekstra Førde, er ikkje dei einaste som er blitt prega av historia om kvalen som hadde magen full av plast. Men desse har gjort noko med det.
2017-07-26_Coop Extra_med omtanke for dyra i havet

Då Landsskyttarstemnet i Førde bad Coop Extra om hjelp til å skaffe berenett til deltakar informasjonen, var dei heilt sikre på at plastposar var ikkje greitt nok.

– Tanken på at plastposar frå butikken kan hamne i sjøen og skade dyr, fuglar og fisk er noko som uroar oss i kvardagen, seier butikksjef Rune Øksenberg. Vi måtte løyse denne førespurnaden på ein betre etisk og miljømessig måte.

Plastikk vart til tøy

Landskyttarstemnet har fått eit berenett som passar perfekt til oppgåva, som er lett å legge saman og ta med i lommen eller i handveska, og brukast om att mange gonger.

Måten Coop Extra løyste dette på, gav god gjenklang hos dei tilsette, som sa dei var stolte og glade for at vi som arbeidsgjevar var villige til å ta den ekstra kostanden det var å lage dette berenettet i tøy, seier Øksenberg.

Landsskyttarstemnet trur òg at eit berenett av denne kvaliteten, vil gje mottakaren ein meirverdi som ikkje så lett blir behandla som boss.
–  Handleposar i plast vil vere ein sjølvsagt del av daglegvare handelen lenge endå, og vi vil ikkje at nokon skal få dårleg samvit fordi dei nyttar plast. Men – det vi alle kan vere påpasselege med, er å unngå at akkurat min og din plastpose ikkje tek vegen ut i havet, avsluttar butikksjef Rune Øksenberg.

Enivest sponsar internett til LS 2017

Enivest

Raskare enn eit rifleskot

Å levere internett i Kråkenesmarka, som ligg avsides til, er ei krevjande og utfordrande oppgåve. Via radio teknologi leverer Enivest 200 Mbit/s. Denne kapasiteten garanterer inner-tiar kvar gong. Slik at når kula treff blinken, treff resultatet skjermen din.

– Å vere involvert i det som skjer i fylket vårt og ta samfunns-ansvar, er viktige oppgåver. Landskyttarstemnet er viktig for Førde og nabokommunane – då er det også midt i blinken for oss, seier marknadsansvarleg Christiane Ulriksen

 

 

NM Skogsløp

Løype 1 km

Dei som spring 1 km løypa (sjå kart skisse), spring denne  tre (3) gangar. Det er vending på arena mellom rundene.

Desse klassane er med:

  • Rekrutt
  • Eldre rekrutt
  • Junior
  • V65
  • Skytterklasse

Merk: Endeleg plassering av mål vert avklart seinare.

Løype 2 km

Dei som spring to (2) km løypa (sjå kart skisse), spring denne tre (3) gangar. Det er vending på arena mellom rundene.

Desse klassene er med:

  • Senior A
  • Senior B
  • V55

Transport

Gratis buss til skyttarstadion

2017-07-17_firda Billag -skyttarbuss_web

Publikumsbussen frå Førde sentrum til skyttarstadion går alle dagar frå og med laurdag morgon. Bussen er gratis, og det vil svare seg for dei fleste å køyre kollektivt.
Bussavgangar frå 29.07. ­ 03.08.17.

Bussen er tilgjengeleg i kort avstand frå skyttarcampane, og det er god parkeringsplass både ved Coop Extra og Biltema. Tar du publikumsbussen, så sparer du bompengar. Inn til Førde sentrum er det ei bompengeavgift på 26 kroner, 21 kroner for dei som har brikke.

På skyttarstadion er det gode parkerings tilhøve, men det er ikkje sikkert at alle får plass akkurat når dei ønskjer det. Mindre trafikk er også godt for trafikktryggleiken og miljøet.

PUBLIKUMBUSS

Bussavgangar frå Coop Extra:

Kl. 07.00, 08.00, 09.00 og deretter kvar halve time fram til kl. 16.00.
Siste buss i retur frå Kråkenesmarka kl. 19.00.
Bussane går i tidsrommet 29.07. ­ 03.08.17.

Publikumsbussen går følgjande rute:

Start: Coop Extra Retur: Kråkenesmarka
Stopp: Camp 1 Stopp: Thon Hotel
Stopp: Hafstad vgs. Stopp: Hafstad vgs.
Stopp: Firda Billag Stopp: Spesialvarer
Stopp: Kråkenesmarka Stopp: Coop Extra
BUSS TIL GROVFELT

Opprop ved Biltema, Førde sentrum.
27.07. går første buss til grovfelt kl. 12.06.
28.07 – 02.08 går første buss til grovfelt kl. 07.30.

Bussane vil gå kvart 12. min.

 

Mat

Extra Kaféen

Extra Kaféen KronborgFylkets største kafe,  som er kjent for store porsjonar til ein lav pris. På menyen står det husmannskost som lapskaus, fisk, raspeballar, kotelettar og mykje anna godt. I tillegg vert det servert hamburger, løvbiff, kylling og pølser. Velkommen innom.
Kronborg Førde kl. 09.00 –19.00 (10.00 – 18.00). Søndagsope 30. juli.

SCANDIC PÅ SKYTTARARENAEN

Scandic på skyttararenaMatservering i eige telt med rikeleg av sitteplassar. Vi serverer frukost frå kl. 08.00 og Varmmat frå kl. 12.00 alle dagar. Kvar dag har vi kjøttkaker på menyen og ein annan varmrett som varierer. Vi har også eige grilltelt for dei som ynskjer noko frå grillen.
Kaffi | brus | sveler | yoghurt | dessert | varmmat | frukost | påsmurt 1 grilling | is

 

 Villa Åmot – mandag 31. juli

Villa Åmot_1Åpen restaurantkveld i låven på Villa Åmot mandag 31. juli kl 19.30. Våre venner fra Fjærland Fjordstove Hotell kommer med sine kokker. Sammen med  Bård Huseby og kjøkkensjef Fredrik Hejberg Pedersen byr vi på gode smaker av råvarer fra Sogn. Kjøkkenet deres har fått flotte tilbakemeldinger. Vi ønsker å by på en kveld i låven med gode historier fra vårt fylke og bordeaux viner fra Bård sin egen vinkjeller.
6977 Bygstad  |  tel +47 971 60 704  |  villaamot.no

Pikant restaurant & bar

Pikant_webPlassert fint til på elvekanten, midt i sentrum av Førde. vi har eit variert utval av små og store rettar, lun atmosfære og god stemning.  Servering av lunsj, middag, kaffe og drinkar.
Hafstadvegen 31A. Ope: 11.00 – 02.00

 

Ferske smakar

Ferske smakarMeisterbedrifta Ferske Smakar har fokus på lokale og heimelaga produkt.
Cafe, konditori og catering i AMFI Førde, 3. et.

Peppes Pizza

Peppes Pizza LS avis 2017Treff blink på Peppes Pizza i Førde! Hos oss kan du legge an og sikte på ein innertiar av ein pizza – og kanskje ein krutsterk variant vil kanskje passe ekstra godt?
Storehagen 9, mån. – laur. kl. 11.00 – 23.00. søn. kl. 13.00 – 23.00.

Restaurant Den Gamle Nabo

Den gamle naboServering inne og ute. God mat – greie prisar.
Førde Sentrum, Storehagen 7.
Mån-søn kl. 12.00 – 23.00 • Fre-laur kl. 22.00 – 02.00 (bar)

Naustdal dampbakeri

KORREKTUR LS avis 2017Vi har bakt ferske brød og kaker sidan 1888. Ta turen innom, so forstå du kvifor.
Hafstadgården | Kronborg | Elvetorget

 KAFÉ SOBRA

1. etasje i kunstmuseet. Dagens suppe, div. lunsjrettar, kaker, kaffi m.m. På godversdagar er det tilgang til ein av Førde sine flottaste takterrassar. Ope: tysdag-søndag 11-16, måndag stengt.

Ta turen på Dolly i sommar!

Opningstider: Måndag–torsdag 12–22
Fredag og laurdag kl.12.00 – 22.00. Søndag  kl. 13.00 – 22.00.

Aba’s inn

Gatekjøkken 1. et. Elvetorget

Spiseriet

Middag – lunsj – salatar – påsmurt – kaker.
1. et. Nord.