Butikken med omtanke for dyra i havet

Tilsette ved Coop Ekstra Førde, er ikkje dei einaste som er blitt prega av historia om kvalen som hadde magen full av plast. Men desse har gjort noko med det.
2017-07-26_Coop Extra_med omtanke for dyra i havet

Då Landsskyttarstemnet i Førde bad Coop Extra om hjelp til å skaffe berenett til deltakar informasjonen, var dei heilt sikre på at plastposar var ikkje greitt nok.

– Tanken på at plastposar frå butikken kan hamne i sjøen og skade dyr, fuglar og fisk er noko som uroar oss i kvardagen, seier butikksjef Rune Øksenberg. Vi måtte løyse denne førespurnaden på ein betre etisk og miljømessig måte.

Plastikk vart til tøy

Landskyttarstemnet har fått eit berenett som passar perfekt til oppgåva, som er lett å legge saman og ta med i lommen eller i handveska, og brukast om att mange gonger.

Måten Coop Extra løyste dette på, gav god gjenklang hos dei tilsette, som sa dei var stolte og glade for at vi som arbeidsgjevar var villige til å ta den ekstra kostanden det var å lage dette berenettet i tøy, seier Øksenberg.

Landsskyttarstemnet trur òg at eit berenett av denne kvaliteten, vil gje mottakaren ein meirverdi som ikkje så lett blir behandla som boss.
–  Handleposar i plast vil vere ein sjølvsagt del av daglegvare handelen lenge endå, og vi vil ikkje at nokon skal få dårleg samvit fordi dei nyttar plast. Men – det vi alle kan vere påpasselege med, er å unngå at akkurat min og din plastpose ikkje tek vegen ut i havet, avsluttar butikksjef Rune Øksenberg.