Transport

Gratis buss til skyttarstadion

2017-07-17_firda Billag -skyttarbuss_web

Publikumsbussen frå Førde sentrum til skyttarstadion går alle dagar frå og med laurdag morgon. Bussen er gratis, og det vil svare seg for dei fleste å køyre kollektivt.
Bussavgangar frå 29.07. ­ 03.08.17.

Bussen er tilgjengeleg i kort avstand frå skyttarcampane, og det er god parkeringsplass både ved Coop Extra og Biltema. Tar du publikumsbussen, så sparer du bompengar. Inn til Førde sentrum er det ei bompengeavgift på 26 kroner, 21 kroner for dei som har brikke.

På skyttarstadion er det gode parkerings tilhøve, men det er ikkje sikkert at alle får plass akkurat når dei ønskjer det. Mindre trafikk er også godt for trafikktryggleiken og miljøet.

PUBLIKUMBUSS

Bussavgangar frå Coop Extra:

Kl. 07.00, 08.00, 09.00 og deretter kvar halve time fram til kl. 16.00.
Siste buss i retur frå Kråkenesmarka kl. 19.00.
Bussane går i tidsrommet 29.07. ­ 03.08.17.

Publikumsbussen går følgjande rute:

Start: Coop Extra Retur: Kråkenesmarka
Stopp: Camp 1 Stopp: Thon Hotel
Stopp: Hafstad vgs. Stopp: Hafstad vgs.
Stopp: Firda Billag Stopp: Spesialvarer
Stopp: Kråkenesmarka Stopp: Coop Extra
BUSS TIL GROVFELT

Opprop ved Biltema, Førde sentrum.
27.07. går første buss til grovfelt kl. 12.06.
28.07 – 02.08 går første buss til grovfelt kl. 07.30.

Bussane vil gå kvart 12. min.