Gåvepremiar

2017_Helle - 3 knivar med LS-logo
På landsskyttarstemna er det som kjent skikk og bruk å dele ut gåvepremiar til skyttarar i ulike klasser og aldrar. Vi ber derfor om hjelp til å fylle opp gåvekassa.

Vi har hovudsakleg tenkt å bruke knivar frå Helle som eit unikt lokalt produkt, med gravering av LS-årstal og LS-logo, og dele 450 slike knivar.

Vi har med oss gode lokale støttespelarar og sponsorar, men vi håper at også skyttarlag og skyttarsamlag vil følgje opp tidlegare tradisjon om å bidra med gåvepremiar til deltakarane.

De bestemmer sjølve kva sum lag eller samlag vil bidra med, men ut frå tidlegare praksis så varierer gåvepremiane frå 300 – 5000 kroner alt etter kven som står bak.

Vi ber om innbetaling av gåvepremiar til Landsskyttarstemnet 2017 sin konto 3705.28.09372 og merk innbetalinga med ”gåvepremie” og lagsnamn.

Her er liste over registrerte gåvepremiar per i 21. juli.

Vi takkar hjarteleg for desse gåvene og utfordrar dei som enno ikkje har bidrege til å betale inn til gåvekassa.

På førehand takk for bidraget.

 

Kontakt:
Christian Rekkedal                                                                 Wilhelm Sandal
leiar hovudstyret                                                                     leiar adm.komiteen
Tlf. 99 69 23 02
styreleiar@ls2017.no