Kultur

Ordførarduellen – ei uhøgtidleg tevling 
28. juli kl. 13.30, skyttarstadion i Kråkenesmarka

KråkeneDet frivillige skyttarvesen (DFS) og LS 2017 har invitert ordførarar og fylkesordførar i Sogn og Fjordane til å delta i ei uhøgtidleg tevling. Deltakarane skal skyte 25 skot med kaliber 22 på 100 m. I denne tevlinga er ikkje vinnar og tapar viktig, men «Duellen» premiar blir delt ut på opningsseremonien ved Førde rådhus kl. 20.00. Fri entré.

Konsert med Sjøforsvarets musikkorps
28. juli kl. 19.00, ved Førde Rådhus

ATLE2017Med seg har ensemblet solist, Atle Pettersen. Alte har dei seinare åra etablert seg som ein av Noregs største og mest allsidige entertainerar. Han har brei sceneerfaring frå pop, rock, dans og ei rekke TV-program, noko som har gitt han ein ballast få andre entertainerar kan skilte med. Denne sommaren er han m.a. aktuell med singelen «Number One», ein duett med den svenske popstjerna Lisa Ajax.

 Sommarfest med Kurt Nilsen
29. juli kl. 21.00, sentrum sør

Kurt2017Sommarfest med Kurt Nilsen går av stabelen i sentrum sør, Førde. Konserten og folkefesten skjer samtidig som Landskyttarstemnet 2017. Vi gler oss til folkefest i gata utanfor Spenst Førde. Før og etter konserten med Kurt vert det band eller trubadur meir info om dette kjem. Aldersgrense 18 år.

Sogn og Fjordane kunstmuseum

SFKMuseumKUNSTMUSEET, Storehagen Førde
Høgsalen: Det vi har i lag, Maia Birkeland. Samlingsutstillingane: Kropp og sjel. Krig og fred og religion og politikk og sånn…
Ope: tysdag-søndag kl. 11-16, måndag stengt.

 

ASTRUPTUNET, Sandalen i Jølster
TEKSTILTRYKK OG TRESNITT- ENGEL OG NIKOLAI ASTRUP
16.06-15.08: Alle d. 10-17 16.08-17.09: Laur, søn kl. 11-16, onsd. 17-20.

EIKAASGALLERIET, Ålhus i Jølster
TRE SUNNFJORDINGAR, med skjemt og alvor. Ludvig Eikaas, Kjartan Slettemark og Oddvar Torsheim. 03.06 – 15.08: Alle dagar 11-17   16.08 – 15.10: Ons, laur, søn: 11-16

Musea i Sogn og Fjordane

 Sunnfjord Museum

Sunnfjord MuseumGuida turar i frilufts-museum – Utstillinga «Kvardagsfolk» Museet har kiosk og museums-butikk. Du finn museet 9 km frå Førde mot Jølster (E39)

Ope: Måndag – fredag 10.00 – 18.00 Laurdag – søndag 12.00 – 17.00.