Informasjon

Ser deg i Førde under LS.

Servering frå SCANDIC på skyttararenaen

Matservering i eige telt med rikeleg av sitteplassar.  Scandic serverer frukost frå kl. 08.00 og varmmat frå kl. 12.00 alle dagar. Kvar dag har dei kjøttkaker på menyen og ein annan varmrett som varierer. Scandic har også eige grilltelt for dei som ynskjer noko frå grillen.
Kaffi – brus – sveler – yoghurt – dessert – varmmat – frukost – påsmurt – grilling – is.

  1. Skyttarcamp

Det blir etablert to skyttarcampar like aust for Førde sentrum, i gangavstand frå opprop til grovfelt, publikumsbussane og til Coop Extra. Sjå kart på nettsida LS2017.

Toalett med vask vert plassert i campingområde. Det blir enkle dusjbrakker på campingen, men aller best i garderobeanlegget i idretts- og kulturbygget Førdehuset der det også er symjebasseng.

Straum er inkludert i prisen til alle campingvognene og bubilane, dimensjonert med maks 1kW per vogn.

Frist for påmelding til skyttarcampane er 20. mai.

Straum er inkludert i prisen til alle campingvognene, bubilane og telt, dimensjonert med maks 1kW per vogn.

Påmelding til skyttarcampane skal skje lagvis og via påmeldingsskjema som skal sendast per e-post til innkvartering@ls2017.no.

Pris for campingvogn, bubil og store telt som tek tilsvarande plass, er kr 2420,-
Pris for vanleg telt i campingområdet med straum, kr 1800,-
Vi har også teltplassar plassert i område utan straum, pris for vanleg telt kr 850,-

Vi ber om informasjon om eventuelle veldig store og tunge bubilar som ikkje kan stå på vanleg grasmark. Vi skal prøve å plassere desse på eit eige område nærmare sentrum.

Samla betaling per skyttarlag må betalast innan påmeldingsfristen 20. mai,
sjå påmeldingsskjema.

Plasstildeling per skyttarlag vil bli lagt ut på vår nettside etter i første halvdel av juni.

Ved avbestilling etter 1. juli vert ikkje innbetalt beløp refundert.
  1. Privat innkvartering

    Vi har lagt opp til annonsering av privat innkvartering i hus, hytter og campingvogner på vår heimeside ls2017.no/innkvartering . Her kan både dei som vil leige ut og dei som vil leige privat innkvartering, legge ut informasjon i ein tabell. Ta direkte kontakt med dei som annonserer og prisar og leigeperiode avtalast mellom utleigar og leigetakar.

 

  1. Kontaktopplysningar

    Vi legg ut all informasjon om innkvartering på vår nettside: www.ls2017.no

E-postadresse: innkvartering@ls2017.no

Telefon: 479 79 059 (mellom kl. 9.00 – 15.00)