Invitasjon til Landsskyttarstemnet

Førde sett frå Viefjell, Foto: Torun Lucassen
Førde sett frå Viefjell, Foto: Torun Lucassen
Det er med stor glede vi inviterer skyttarar og skyttarfamiliar
til Landsskyttarstemnet i Førde i tidsrommet 27. juli til 4. august 2017.

Militært NM er ein del av Landsskyttarstemnet. Klassane AG3 og HK416 gjennomfører skytingane torsdag 27. juli og fredag 28. juli. Eigen invitasjon med detaljert informasjon vert sendt til Forsvaret sine avdelingar seinare. DFS-skyttarane startar med innleiande skyting fredag 28. juli. Opningsseremonien blir i Førde sentrum fredag 28. juli kl. 20.00.

Førde skyttarlag arrangerer Landsskyttarstemnet for fjerde gong. Det starta i 1988, vidare i 1997 og i 2008. Baneskytinga, finfelten og alle finalane går som tidlegare på Kråkenesmarka skyttarstadion, ca. 8 km frå sentrum. Det er godt med parkeringsplassar nær stadion. Mattelt, kiosk og messeområde er på stadion. Innleiande grovfelt med Stang- og felthurtigskyting gjennomførast i Vasslia, ca. 1,6 km frå skyttarstadion. Opprop til grovfelten blir i sentrum, med busstransport direkte til feltløypa.

Påmelding til Landsskyttarstemnet

Invitasjon er sendt til alle lag. All påmelding til Landsskyttarstemnet gjer ein på mitt DFS. Påmeldingsperioden er 27. april  – 15. juni, med frist for etterpåmelding 1. juli. Skyttarkontoret sender ut nærare informasjon om påmelding i løpet av april.

Innkvartering og transport

Det blir skyttarcamp nær Førde sentrum, med gratis publikumsbussar til stadion frå og med laurdag 29. juli. Skyttarcampen opnar tysdag 25. juli. Det er også mogeleg å leige hus og hytter, og på nettsida har vi liste over kva tilbod som finst.

Vi har ein eigen plass utanfor sjølve skyttarcampen til store og tunge bubilar som må stå på fast underlag. Dette må eventuelt kommenterast i påmeldingsskjemaet.

Påmelding til skyttarcampen skjer på eige skjema, sjå vedlegg og på vår nettside. Påmeldingsfrist er før 20. mai.
Har du spørsmål om innkvartering så sjå på vår nettside finn eller kontakt oss på innkvartering@ls2017.no

Gåvepremiar

Vi ber om at skyttarlag og skyttarsamlag bidreg med ein pengesum til gåvepremiar. Gåvepremiane er hovudsakeleg flotte knivar frå Helle, prega med logo frå LS-2017 som eit unikt minne. Vi ønskjer derfor pengar som kan innbetalast til konto 3705.28.09372, merka med «gåvepremie». Alle vinnarar av gåvepremiane må hente desse under stemnet.

Utforsk Førde og Sunnfjordregionen under stemnet

Typisk for Sunnfjord er fjell, fjord, kraftfulle vassdrag og fossar, ein natur som set preg på kulturlandskap og busetting. Nyt variasjonane frå organiserte aktivitetar i urørd natur til nasjonale kunstskattar hos Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Avstandane er korte mellom opplevingane, og regionen eignar seg godt for dagsturar frå breen i aust, til fjorden og øyane i vest.

Skyttarlaga Førde, Holsen, Jølster, Florø og Hyen ønskjer alle velkomne til Landsskyttarstemnet 2017!