Med Nammo på laget

Nammo - kvinneleg skytter

Eit sponsorsamarbeid med Nammo AS speglar landsskyttarstemnet som det store nasjonale og årlege arrangementet det er. For LS2017 er det ei viktig stadfesting at nasjonale aktørar ser verdien av å samarbeide med oss som lokal arrangør.  

Nammo AS er eit internasjonalt konsern innan forsvarsindustrien med hovudkontor i Noreg. Nammo si kjerneverksemd er produksjon av ammunisjon, rakettmotorar, romfartsprodukt og leveranse av tenester på demilitarisering. Nammo er no den einaste ammunisjonsprodusenten i Noreg. Nammo si portefølje innanfor finkaliber består av presisjonsammunisjon til både militær og sivil bruk.

 – Som arrangør av LS-2017 i Førde er vi svært glade for at Nammo blir med på laget som generalsponsor. Nammo er eit stort selskap med lange tradisjonar for samarbeid med Det Frivillige Skyttervesen og dei årlege landsskyttarstemna. Vi tek dette òg som ein honnør til oss som lokal arrangør. LS er som eit OL for oss her i Førde, og denne avtalen bidreg til at arrangementet skal bli vellukka, seier  leiar av hovudstyret for LS2017 Christian Rekkedal.

Naturleg for Nammo å vere synlege på LS

– Forløparen til Nammo, Raufoss Ammunisjonsfabrikker, produserte 6,5 mm allereie frå etableringa i 1896, og har sidan den gong vore leverandør til skyttarar i Det Frivillige Skyttervesen. Sambandet mellom Nammo, DFS og Forsvaret er svært viktig for oss, seier kommunikasjonsdirektør i Nammo Endre Lunde.

Nammo_logo_2955_BLUE