Sunnfjord Energi-samarbeid

Tv. Pål Sandal, konst. marknadssjef i Sunnfjord Energi AS og Christian Rekkedal, leiar av hovudstyret for LS2017.
Tv. Olav Osvoll, produksjonssjef i Sunnfjord Energi AS og Christian Rekkedal, leiar av hovudstyret for LS2017.
Det gir god energi til LS2017 å signert endå ein sponsoravtale med lokalt næringsliv. Det lokale kraftselskapet Sunnfjord Energi AS blir ein av generalsponsorane.

Sunnfjord Energi AS er eit kraftselskap med kraftproduksjon, drift og bygging av nett, og sal av kraft til bedrifter og hushald. Konsernet driv innan produksjon og omsetnad av fornybar energi, utbygging og drift av om lag 2.600 km linjenett småkraftverk, breiband og fiber, varmepumpe og entreprenørverksemd. Selskapet er organisert i fire avdelingar: stasjon, nett, marknad og administrasjon, og har omlag 110 årsverk.

– Vi vil at Landsskyttarstemnet skal verte eit flott lokalt og nasjonalt arrangement som også kan profilere Sunnfjord og resten av fylket. Då er det svært kjekt at vi har fått med oss eit slikt sterkt lokalt selskap som Sunnfjord Energi som generalsponsor, seier Christian Rekkedal leiar for LS i Førde. LS-2017 er eit stort og krevjande arrangement, og i tillegg til økonomisk støtte dei kan òg hjelpe oss med praktiske utfordringar slik at dette vert vellukka.

Vil vere drivkraft og partnar

– Landsskyttarstemnet og skytesporten engasjerer mange både lokalt og nasjonalt, seier Pål Sandal, konstituert marknadssjef i Sunnfjord Energi AS. LS er eit omfattande arrangement som set Sunnfjord på kartet, og som dei lokale skyttarlaga no skal vere vertskap for. Vi er glade for å kunne vere med som ei drivkraft og partnar for å få dette til. Ønsker hovudstyret og alle involverte lukke til med det vidare arbeidet og gjennomføring av eit av Norges største idrettsarrangement!

 

Logo Sunnfjord Energi