Privat utleige av bustad

Neste år i overgangen juli-august aukar folketalet i regionen med 10-15 000. Å vere eit godt vertskap for alle gjestane våre er ei utfordring, og her treng vi å spele på lag med alle dei som har høve og lyst til å leige ut husrom privat.

Privat utleige har fungert godt under tidlegare landsskyttarstemne, òg i 2008 då stemnet sist var i Førde. Merk deg tidsrommet 27. juli til 4. august 2017, då kjem skyttarfolket til Førde.

Gode utleigeobjekt

Ein god stad å bu er hus, hyblar, sokkel leilegheiter, hytter, bubilar og campingvogner, objekt som gir gjestene dei fasilitetane som trengs for å ha gode dagar og fin opplading til konkurranse. Behovet blir ofte skildra som tal senger.

Formidlingsservice av utleigeobjekt

Det er etablert ein formidlingsservice på denne portalen basert på innmelding av utleigebehov frå den som har noko å leige ut, og innmelding av behov frå den som ønskjer å leige. Etter kvart som utleigeobjekta vert meldt inn, vil det bli publisert liste over utleigeobjekt.

Utleigar og leigetakar avklarar sin avtale seg imellom. Til hjelp for partane har vi lagt ut ei standard leigekontrakt som kan lastast ned.

Skyttarfolket er familiefolk

Deltakarane på stemnet reiser ofte saman som familiar, gjerne med fleire generasjonar i følgjet. Dei kjem frå alle kantar av landet, og turopplevinga under stemneveka er ein viktig del av totalen.

Kombiner utleige med å sjølv reise bort

Her er det ein unik sjanse til å spe på eige turbudsjett ved å leige bort eigen bustad medan ein sjølv er på reise. Det som er vanleg er å avtale leigeprisen med utgangspunkt i pris per seng, i ein leigeperiode på ei veke.