Stemnepresidenten inspiserte skyttaranlegga

Ebbe Deraas, Per-Olav-Vaagland, Christian Rekkedal, Ivar Hatlelid
Ebbe Deraas, Per-Olav-Vaagland, Christian Rekkedal, Ivar Hatlelid


Oberst i HV 12, Ebbe Deraas, neste års LS-president, vitja Førde skyttarlag sine anlegg i Kråkenes marka. Stemnepresidenten var tilfreds med det han fekk sjå.

Leiar i hovudstyret Christian Rekkedal og skyteteknisk ansvarleg Magnar Isene kunne syne fram anlegg som er utbetra og rusta opp for å møte dei mange krava som eit stemne av denne storleiken set til arrangøren.

Med seg hadde Deraas major i HV 11, Ivar Hatlelid, som er prosjektoffiser for LS og fast medlem i arrangøren sitt hovudstyre og distrikt sjef i HV 11, oberst løytnant Per Olav Vaagland. Seinare på kvelden fekk dei møte alle medlemmane i hovudstyret.

– Det eg har sett i dag fortel meg at de har gode råmer for eit vellukka Landsskyttarstemne neste år, sa Deraas til hovudstyret. Mitt i intrykk er at dette styret har god kontroll på arbeidet. Forsvaret sin rolle er først og fremst å gje god støtte til arrangør og arrangementet. Det kjem vi til å gjere på ein heilhjarta måte.

Stemnepresidenten nytta høve til å gje både ros og gode råd til hovudstyret.

– For det første er kostnadskontroll svært vesentleg, sa Deraas. Vidare, så er det viktig å lage eit publikumsvennleg stemne. Eit godt stemne er noko meir enn berre eit idrettsarrangement. Det vil gje gode ringverknadar for mange i både i kommune og region.

– Og til slutt, gjer gode risikovurderingar innanfor kvar dykkar fagfelt, sa Deraas til dei fagansvarlege i hovudstyret, og legg opp til å møte ekstraordinere situasjonar og ha reservar i bakhand.

Med det hyggelegaste oberstsmilet sitt sa Deraas at han trudde dette kom til å gå knallbra. – Når landskyttarstemnet endeleg er over, vonar eg at alle som no legg ned mykje frivillig innsats og engasjement skal tenkje at dette var artig og vel verdt å vere med på, avslutta Deraas.