LS er som OL i Førde

Skyttarstadion 2008
Skyttarstadion 2008

Å arrangere eit landsskyttarstemne er ein fantastisk og unik måte å vise fram Førde og Sunnfjord til heile landet. Å arrangere eit LS er som eit OL. Eit landsskyttarstemne har vanlegvis over 5000 deltakarar, medan vinter OL har omlag 2500.

Til landsskyttarstement kjem det deltakarar med fylgje frå heile landet, og frå dei fleste kommunar i Noreg. Under arragementet doblar dei folketalet i byen, fyller opp overnattingstader i heile regionen, tømmer brød-hyllenen i alle butikkar og skapar liv og røre som berre skyttarfolket kan.

Fakta frå LS 2008:
  • 5100 påmelde, derav 4740 som fullførte
  • 12 – 15 000 tilreisande
  • 80 – 90 ulike mediabedrifter var representerte
  • 900 campingvogner/bubilar sto parkert på skyttarcampen + dei som var parkert på campingplassar. Totalt truleg 1000 einingar
  • I alt deltok 340 HV-soldatar i løpet av veka
  • Bortimot 200 frivillige til arrangementet, camping, trafikk, kiosksal, servering m.m.
  • Ca 8500 middagar vart servert i kafeen på stadion, pluss massvis av pølser og burgers